
10.og 11. september 2023 skal det veljast nye sokneråd og bispedømeråd.
Valet skjer på dei same dagane som det er kommunestyreval.
Ved kyrkjevalet i 2023 er det, for første gong, mogleg å stemme digitalt.
Alle som er medlem av Den norske kyrkja og 15 år eller eldre i 2023, har stemmerett.
For å stå på liste, må ein vere 18 år eller eldre.
Ved kyrkjevalet skal ein velje både sokneråd og bispedømeråd
Sokneråda har ein svært viktig funksjon i kyrkja. Dei skal handsame saker som gjeld kyrkjebygget,kyrkjegardane, og andre kyrkjesaker, og har ei aktiv rolle ved tilsetjingar i kyrkjelege stillinagar. Arbeidsoppgåvene for rådet er varierte og interessante, så viss du vil vere med å utvikle kyrkjelivet i Vinje så ta kontakt med kyrkjekontoret, så set vi deg i kontakt med ditt sokneråd.
Bispedømeråda er styringsorgan på bispedømenivå, og tilset mellomn anna prestane. Bispedømeråda utgjer hovedtyngda av Kyrkjemøtet.
Meir om Kyrkjevalet 2023 på kirken.no