Eit sokneråd i Den norske kyrkja i Vinje er eit råd samansett 6 medlemmer valde for 4 år. Soknepresten er og medlem av rådet. Soknerådet har ansvar for å leggje til rette for kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni i soknet. Soknerådet uttaler seg ved tilsetjing i kyrkjelege stilingar. Sokna i ein kommune vel representantar til kyrkjeleg fellesråd, eit råd som og representerer soknet.
Her kjem § 12 i kyrkjeordninga fritt omsett til nynorsk:
Soknerådet skal ha merksemda si retta mot alt som kan gjerast for å vekkje og nære det kristelege livet i soknet, særleg at Guds ord kan bli rikeleg forkynt, sjuke og døyande får høyre det, døypte gitt trusopplæring, barn og unge samla om gode føremål og legeleg og åndeleg naud avhjelpt.
Soknerådet har ansvar for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni blir innarbeidd og utvikla i soknet.
Soknerådet avgjer om det skal takast opp offer eller føretakast innsamling i kyrkja og forvaltar dei midlane som blir samla inn, løyvde eller gitt som gåve til kristeleg verksemd i soknet, med mindre anna er fastsett. Reglar om budsjettordning, rekneskapsføring og revisjon blir gitt av Kyrkjemøtet. Avgjerd om oppretting av stillingar skal godkjennast av kyrkjeleg fellesråd.
Soknerådet medverkar ved tilsetjing i kyrkjelege stillingar etter dei reglane som gjeld til ei kvar tid.
Soknerådet innbyr minst ein gong i året dei tilsette i soknet til å ta del i rådet sine drøftingar om menighetsforholda og dei oppgåvene som ligg føre.
Soknerådet førebur og gir innstilling til avgjerd i alle saker som blir lagde fram for menighetsmøtet, jf. § 13, eller som menighetsmøtet sjølv tek opp.
Soknerådet gir kvart år menighetsmøtet ei orientering om det kristelege arbeidet i soknet.
Soknerådet skaffar til vegs dei opplysningane og gir dei uttalingane som kyrkjeleg myndigheit ber om.