Vigsel - bryllup
Å gifte seg er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar, resten av livet.
Par som ynskjer å gifta seg i kyrkjene i Vinje, er velkomne til å ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid på førehand for å avtala tidspunkt.
Å gifte seg i kyrkjene i Vinje er gratis for den som er medlem av kyrkja og busett i Vinje kommune. Om båe som skal gifte seg, tilhøyrer eit anna trudomssamfunn og/eller ikkje bur i Vinje, må ein betale ei avgift, for tida 2 500 kr. Dette går til leige av kyrkja og løn til organist, prest og kyrkjetenar.
Presten ynskjer alltid å ha ein samtale med paret som skal gifte seg og vil øve i kyrkja, slik at ein blir trygg på det som skal skje i kyrkja.
Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved enkelte av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga i form av musikk eller høgtlesing. Blant dei kulturelle innslaga kan det òg opnast for element som understrekar t.d. den etniske bakgrunnen til brudeparet.
Der den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking av leiarar frå vedkomande kyrkjesamfunn. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal desse tilpassast den gudstenestlege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryta med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.
Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9 Forbøn.
Sjå oversikt over vigselliturgien her.
Meir informasjon kan ein få ved å vende seg til Kyrkjekontoret.