Bryllup kan gjerast enkelt


Bryllup kan gjerast enkelt


Mange stader startar kyrkja i desse dagar opp ein kampanje med såkalla «drop-in-bryllaup» på Valentinsdagen 14. februar. Vinje er ikkje med, men sokneprest Tor Eivind seier han stiller på stutt varsel om nokon vil gifte seg.

DET STORSLÅTTE - OG DET ENKLE
- Det enkle er ofte det beste, seier sokneprest Tor Eivind, som har erfaring med både dei storslåtte og heilt enkle bryllaupa. Eg har for så vidt sansen for tre-dagars-bryllaupa, som vel er tradisjonen her i Vinje, med vene- og familiefest frå fredag ettermiddag til sundag formiddag. Men ei slik feiring krev ofte mykje ressursar, tid og ikkje minst pengar. Difor slår eg gjerne eit slag for «det enkle». Båe variantane er stadfesting av kjærleik og truskap. 

NABOANE SOM VITNE
- Det skjer ikkje ofte, slik det skjedde då eit par kom til meg, og ville ha kvardagsbryllaup, utan gjester, berre med vitne til stades. Det lika eg godt, og svaret var sjølvsagt at dette stiller eg opp på. Ekstra «flott» vart det fordi dei planlagde vitna ikkje rakk fram til tida, og vi måtte «hanke» inn nokre naboar til å stille som vitne. Eit minne for livet for alle som var med!

TAK KONTAKT, SÅ FINN VI EIN PASSANDE DATO!
Den som vil gifte seg i Vinje, «full pakke» eller enkelt, tek kontakt med kyrkjekontoret ved ein av sokneprestane, Tor Eivind som har ansvar for Grunge og Vinje-Nesland og Nina med ansvar for Rauland-Møsstrond og Øyfjell.

Kva skjer i et bryllaup i kyrkja? – Lenke til kirken.no 
Kven kan gifte seg i kyrkja? – Lenke til kirken.no

Biletet er henta frå kirken.no og teke av Simen Prestaasen

Tilbake