Vikar for kyrkjetenar i Grunge kyrkje


Vikar for kyrkjetenar i Grunge kyrkje


Etter gudstenesta sist sundag, den 15. november, vart Tor Ivar Drivarbekk-Åmot, ynskt velkomen som vikar for Tone Edland i Grunge kyrkje. 

Tor Ivar tek på seg vikariatet som kyrkjetenar i tillegg til å vere møbelsnikkar og saubonde. 

Han tek over vikariatet som "Pippen", som og er fast kyrkjetenar i Vinje og Nesland, har hatt den siste tida. Tor Eivind takka han for ein særs god og samvitsfull jobb som vikar i Grunge, og fekk ein fin blomebukett av soknepresten på vegne av kyrkjeleg fellesråd.

Tor Ivar fekk og blomar, og båe fekk applaus frå kyrkjelyden.

Foto: Knut Olav Uppstad

Tilbake