Diakonisamlinga for Vest Telemark i Kviteseid 12. april kl. 17


Diakonisamlinga for Vest Telemark i Kviteseid 12. april kl. 17


Sundag 12. april 2026 er det igjen klart for Diakonisamling for Vest- Telemark. I år er Kviteseid vertskap.
Årets tema: Å bli ei demensvenleg kyrkje!

Me veit at ulike demenslidingar aukar, Korleis kan me som kyrkje auke kunnskapen og gjere våre samlingar opne også for dei som slit kognetiv.
Samlinga startar med gudsteneste med utdeling av Diakoniprisen. Liturg er Sigrun Lønning Solvang og Dagfinn Køhn er organist. Så har kyrkjetenar Jan G. Haugen samla nokre musikalske vener: Tor Helge Midtbø, Merthe Jørgensdottir Reinskås og Kristin Johanne Kleiv som og vil spele i gudstenesta.
Mat vert det og. Det sørger Diakoniutvalet for, før me utforskar tema "Å bli ei demensvenleg kyrkje", meir. Her deltek:

  • Hildegunn Andersen, leiar i Kviteseid Demensforeining
    Kva vil det seie å vera ei demensvenleg kyrkje?
  • Astrid Eidem Nordal, leiar i Diakoniutvalet i Nissedal
    Utfordringar og moglegheiter for kyrkja i møte med demens
  • Tor Eivind Erikstein, sokneprest i Vinje
    Tankar om kyrkja sine tenester på sjukeheimar
  • Hanne Roholdt, Diakoniutvalet i Kviteseid
    Kva skjer på ein temadag på KOS (Kviteseid Omsorgssenter)
  • Marte Martilla Dybdal, sokneprest i Fyresdal
    Røynsler med å ha konfirmantar med på POS (Pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal)
  •  Dagfinn Køhn, tidlegare organist i Kviteseid gjennom 30 år
    Musikk og song – når orda ikkje strekk til
  • Oddrun Rekvik og Eilev Erikstein
    Røynsler frå samtaletilbodet " Kvileplassen

Dette skreiv Eilev om Diakonisamlinga og om prostidiakonstillinga i VTB onsdag 8. april: 

"Diakonisamlinga i Vest- Telemark held fram den lange tradisjonen Det heitte ein gong prostivise kurs i diakoni, og det var diakonirådgjevar i Agder og Telemark Oddvar Ripegutu som starta dei. Desse kursa forsvann dei fleste stader, men i Vest-Telemark vart dei vidareførte og utvikla til det som i dag er Diakonisamlinga for Vest-Telemark.

Sidan 1979 har samlingane gått på omgang mellom kyrkjelydane i regionen. Den faste rekkefølgja framover er: Kviteseid (2026). Nissedal (2027). Tokke (2028). Fyresdal (2029). Vinje (2030).

I 1985 vart landets første prosti diakonstilling oppretta nettopp i Vest-Telemark. Mange meinte det var eit dristig prosjekt, gjeve geografi og demografi. Likevel såg kloke folk bort frå hindringane.

Lenge før kommunane fekk formelle samarbeidsstrukturar, klarte kyrkjelydane å byggje eit sterkt og berekraftig samarbeid – kanskje fordi dei såg på arbeidet som eit felles solidaritetsprosjekt?

Prostidiakonen var eit samarbeid mellom det som då var Vest-Telemark prosti: kyrkje lydane i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Seinare kom Tokke kyrkjelege fellesråd inn som vertsfellesråd. Økonomien vart sikra gjennom eit godt samspel mellom dei fem kommunane og bispedømerådet – kommunane med eigne løyvingar, og bispedømerådet som vidareformidla statlege tilskot. Etter at fellesråda kom inn i lovverket i 1996/97, har dei stått for dei lokale løyvingane gjennom rammetilskot frå kommunane.

Dei siste femten åra har Diakonisamlinga vore lagt til sundagen etter påske. I år er det Kviteseid kyrkje som er vertskap. Temaet er ei av dei store folkesjukdomane: demens, og korleis kyrkja kan bli meir demensvenleg. Fleire fagpersonar og ressurspersonar kjem for å dele kunnskap og erfaringar. Sidan 1994 har Diakoniprisen vore ein del av samlinga. I år blir prisen delt ut for 22. gong, eit høgdepunkt som markerer både kontinuitet og engasjement i diakonalt arbeid i regionen "

Tilbake