Påskedag


Påskedag


Påskedag, ofte kalla første påskedag, feirar vi at Jesus stod opp frå dei døde. Dagen minner oss om håpet om at kjærleiken er sterkare enn døden. 


Evangelia i Bibelen fortel at Jesus stod opp frå dei døde og synte seg for disiplane. Les forteljinga her.
Dagen rommar òg spørsmål og tvil. Teksten om disippelen Tomas, som kravde å få leggja fingeren sin i såra til Jesus, understrekar dette (Joh 20, 24–29).
Oppstoda fjernar heller ikkje døden og einsemda i liva våre, eller gjev ei løysing på alt som er vondt i verda. Ho er like uforklarleg som døden. Men trua på at kjærleiken er sterkare enn døden kan halda oss fast i at vi høyrer saman med Gud og med kvarandre, i livet og i døden.

Les i Bibelen ompåskedagen slik det står i Markusevangeliet

Biletet er frå altertavla i Grunge kyrkje.
Harald Kihle har måla den oppstadne Kristus
inn i landskapet ein ser når ein går ut av kyrkja. Foto: ojg

Tilbake