Diakonien i Vest-Telemark viser verdien av dei små møta mellom menneske. Diakoni er ei motkraft til det store og prangande, og minner om at fellesskap på to eller tre kan vere nok.
Årsrapporten 2025 frå Prostidiakonen
"Friksjon – møtet med folk, kvardagsliv og utfordringar – skapar relasjonar og gjer diakonien levande.
Det er slik dei frivillige ressursane dukkar opp. Kaffiavtalar på bensinstasjonar, nærvær i lokalsamfunnet, samtaletenesta og konkrete handlingar er avgjerande."
Dette skriv prostidiakon Eilev i årsrapporten sin for 2025, og klargjer dermed sin fagleg funderte strategi for arbeidet sitt.
I rapporten for 2025, det året Eilev bikkar 35 år i jobben i Vest-Telemark, er han kanskje kvassara enn tidligare år. Han ser m.a. "bak" matkassene, og peikar på at I matkassediakonien ligg det også ein kritikk av samfunnet. Målet må vera at våre velferdsordningar i størst mogeleg grad hindrar at folk blir avhengige av slik hjelp.
Han etterlyser og kyrkja sin plas i kommunens beredskapsplanar. Trass i at Den norske kyrkja i Vest-Telemark er ein stor samfunnsaktør innan krise og sorgfeltet er ho lite synleg i kommunane sine beredskapsplanar. Med sin store frivillig sektor, vel 20 kompetansearbeidsplassar med prestar, kyrkjetenarar, kantorar, ein diakon og så vidare, er me ein institusjon å rekne med.
"Beredskap er et nøkkelord i vår tid. Da er det viktig at vi ser beredskap som mer enn forsvarsverk, våpen og beredskapslager i kjelleren. Beredskap er også helt grunnleggende fellesskapsbygging, over et felles verdigrunnlag. Derfor er tros- og livssynsfeltet også en umistelig del av beredskapen." (Professor i diakoni , religion og samfunn ved MF- vitenskaplige høyskole Sturla Stålsett i VL 26.12.25).
Årsrapporten er til å bli klok av!
Klikk på denne lenka og les heile rapporten for 2025:
Årsrapporten 2025 frå Prostidiakonen