«Frøet» er tema for Kulturkvelden i Grunge kyrkje torsdag 6.november kl 19. Då kjem bilethoggar Barbro Raen Thomassen og musikar Tore Thomassen. Vi skal både få høyre og sjå.
Barbro Raen Thomassen er bilethoggar, har gjort mange utsmykkingar, og er representera på utstillingar i inn- og utland. Ho er mellom anna kjend for sine usedvanleg vakre og monumentale frø-skulpturer i stein, - frø som me nesten ikkje legg merke til i sin naturlege storleik. Eller som dei vakre sommerfugl-egga i gigantisk storleik som står i Svartdal. Ho lærer oss å sjå.
Barbro har óg skrive bøker om å dyrke sin eigen mat. Ho formidler med andre ord kunsten å bruke frø på fleire måter.
Tore Thomassen er musiker, songar, komponist, forfattar og ikkje minst inspirator innan musikalske uttrykk. Han har i mange år halde konsertar i regi av Rikskonsertane og i kyrkjer og bedehus, og sett opp musikaler rundt om i landet vårt. Han femner alle aldersgrupper med songane sine og har gjeve ut ei rekkje plater. Ein annan form for frø, men gode, og i aller høgaste grad spiredyktige!
Me ser fram til ein spennande og innhaldsrik kulturkveld med frø i mange varianter.
Velkomen til Grunge kyrkje torsdag 6. november kl 19!
Arrangør: Grunge sokneråd. Kollekt.
Foto: Dannevig foto