Verdsdagen for psykisk helse markert i Nesland kyrkje 7. oktober 2025


Verdsdagen for psykisk helse markert i Nesland kyrkje 7. oktober 2025


Nesland kyrkje er blitt staden for markering av den årlege dagen for psykisk helse. I år vart dagen markert 7. oktober medan sjølve verdsdagen er 10. oktober.

Foto Eilev Erikstein

Arrangørar er sokneråda i Tokke og Vinje saman med diakonen i Vest Telemark. I år sette ein særleg fokus psyksik beredskap, både hjå det einskilde menneske og som samfunnsberedskap.

Kvelden blei leia av prostidiakonen. Psykisk eigenberedskap vart tematisert gjennom intervju, korte foredrag, solosong, allsong og opplesing. Som del av samfunnets psykiske beredskap trakk prostidiakon Eilev fram faren for at døgnposten på distriktpsykiatrisk senter i Seljord står i fare for å bli nedlagt. Han hadde laga ein tekst, som han utfordra dei frammøte til å signere. 25 av dei frammøtte sette namnet under oppropet


Nei til nedlegging av døgnposten ved DPS i Seljord

I samband med temakvelden knytt til Verdsdagen for psykisk helse i Nesland kyrkje 7.10.25, vil forsamlinga be styret for sjukehuset sjå nøye på kva for konsekvensar stenging av DPS-avdelinga vil få.

Verdsdagstema i år er psykisk beredskap. Til den psykiske beredskapen høyrer også ei behandlingskjede med trygge døgnplassar for psykosar, og tyngre diagnosar.

Ved nedlegging vil ein rasere eit sterkt fagmiljø, som også er ei stor styrke for dei psykiatriske tenestene i kommunane.

Dei pasientane som nyttar brukarstyrte senger, vil misse noko av den tryggleiken som gjer at dei fungerer i sine lokalmiljø.

Signert av 25 personar


Tilbake