Torsdag 7. august kl. 15 kallar kyrkjeklokkene landet over til bøn. Slik uttrykker vi uro og protest mot dei lidingane det palestinske folket blir utsett for i Gaza. I Vinje er det kyrkjeklokkene i Rauland, Vinje og Grunge som ringer. Kyrkjene er samstundes opne mellom 14.30 - 15.30.
Vi står overfor ein så kritisk situasjon at vi alle spør oss kva vi kan gjere. Når orda ikkje strekk til, let vi kyrkjeklokkene gi lyd til vår avmakt. Når handlingane våre kjennest små, vender vi oss i bøn til den treeinige Gud, vår skapar, frigjerar og livgjevar. Når mørkret tettar seg til, tenner vi ljos.
Å ringje med kyrkjeklokkene er òg eit varsel om fare – ikkje berre for dei som blir råka direkte, men for heile menneskeslekta. Difor oppmodar vi alle som kan gjere noko for å få slutt på lidingane i Gaza – til å gjere det med fredelege middel. Vi har kyrkjene våre, vi har orda, vi har symbola. Gjennom domkyrkjene og så mange som mogleg av landets kyrkjetårn tek vi byrommet og fellesskapsrommet i bruk med vårt uttrykk, og vårt kall til handling.
Denne markeringa er til støtte for sivilbefolkninga som lider i Gaza. Vi ber for dei, vi ringer for dei, vi står saman med dei. Gjennom vår søsterkyrkje i Det hellige land blir dette gjort kjent også for dem som lever der.
Open kyrkje og bøn
Det blir open kyrkje i Rauland, Vinje og Grunge kyrkjer mellom kl 14.30 og 15.30.
Her er ei av bønene som er laga for denne dagen.
Rettferds Gud,
Vi er langt borte frå lidingane på Gaza. Men fordi vi er bundne saman i menneskeverdet vi alle er skapte med, kjenner vi på sorg og fortviling over håpløysa våre sysken opplever. Vi ber: Hjelp at vi ikkje må miste motet til å kjempe for dei som lid, og at vi ikkje vert freista til å forlate vegane som kan opne for fred og rettferd. Lat oss ikkje miste trua på at verdssamfunn og politikarar finn vilje til løysingar som ivaretek sjølv den svakaste mellom oss, og som kan skape varig fred og forsoning.
Oppdatert 080825 med bilete av klokka i Grunge kyrkje