Fasteaksjonen - den store konfirmantdugnaden


Fasteaksjonen - den store konfirmantdugnaden


Fasteaksjonen er ein stor diakonal dugnad der konfirmantane bidreg som bøssebererar tysdag 8. april.

Takk til alle som har gjort ein innsats! Takken kjem frå diakon Eilev Erikstein, primus motor bak fasteaksjonen i Vest-Telemark.

Som med alle dugnadar gjer det godt på mange vis. Det er godt for den som går med bøsse, og for den som gir. Båe partar kjenner at dei gjer noko godt. Det er ei god kjensle, som forskinga seiere aukar livskvaliteten. Og det er godt for den som får nytte av gåvene; dei som har mangla reint vatn, men no får tilgang på reint vatn. Frå  seks Vest- Telemark kommunane kom det inn 280 000 til Kirkens Nødhjelp. Det gir reint vatn til nesten 1000 menneske!

Litt mindre innsamla i Vinje samanlikna med i fjor

Så langt syner tala for innsamla beløp i Vinje kommune  ein nedgang i høve det som vart samla inn i fjor, 55 000 kr mot 100 000 kr i  2024, og enno er ikkje alle kyrkjeoffer med, og Vippsen (2426) fungerer framleis for den som ikkje fekk bøsseberarar på døra tysdag 8. april.

Sundag vert Fasteaksjonen 2025 avslutta i Vest- Telemark med Palmesundagsmessa på Møsstrond, der ofringa går til Fasteaksjonen 2025.

Slik er dei førebels innrapporterte tala for sokna i Vinje: 

  • Vinje/ Nesland sokn 26 700 kr
  • Grunge sokn 16 000 kr
  • Rauland sokn 6 600 kr
  • Øyfjell sokn 6 300 kr

-----------------------------------------------------------------
Biletet syner konfirmantar og foreldre frå Vinje/Nesland og Grungedal framom altertavla i Grunge kyrkje. 

Tilbake