Salmar og songar vi gjerne syng saman


Salmar og songar vi gjerne syng saman


Kom med den stemma du har og syng saman med andre dei gode salmane og songane. Robertas fylgjer på pianoet - tysdag 18. februar kl. 18 på Vinje kyrkjekontor. 

Songkveldane som soknerådet i Vinje og Nesland innbyr til, er uformelle samlingar der me syng songar og salmar saman. Det blir høve til å kome med songynskje. Kaffi og te med noko attåt.
Alle er velkomne! 

Tilbake