Ljosmesse i Grunge kyrkje sundag 8. desember kl 17


Ljosmessa er ei familiemesse for alle med bokutdeling og konfirmantpresentasjon. Ljosmessa var først planlagd på fredagen, men er flutt til sundag 8. for ikkje å kollidere med barnefilmen på Fjellvang.

Foto Helene Moe Slinning/kyrkja.no

Ljosmessa 8. desember er ei familiemesse der alle er velkomne.

Det blir utdeling av bøker til 4,6 og 11 åringane, og vi får helse på dei ti nye konfirmantane i kyrkjelyden, dei som skal følgje konfirmantførebuingane til vinteren, og konfirmerast 6. september 2025.

Det vert lova saft og kjeks etter medssa.

Altså: Ver velkomne til ljosmesse og fest i kyrkja sundag 8. november kl. 17!

 

Tilbake