Kyrkjerådsleiaren til Verdiseminaret i Vinje 2024


I år handlar verdiseminaret  om livssyn, med overskrifta «Livssynsnøytralt eller livsynsopent er ikkje det same greia?». Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad innleiar om å vere kyrkje i eit livssynsope samfunn. Vinjehuset laurdag 2. november kl. 11.

På biletet: Harald Hegstad på Moster under feiringa av kristenretten 1000 år.
Foto Gjermund Øystese.

Har ein arrangert noko ein to- tre gonger, vert det sagt å vere ein  tradisjon. 
Kva skal ein då seie om Verdiseminaret i Vinje som har halde på sidan 2004? Det må kunne seiast å ha blitt nærast ein institusjon, ein møteplass med rom å takhøgde for ulike ordskifte.
Diakonatet i Vest- Telemark i samarbeid med Vinje kommune er i alle fall glad for nok ein gong å invitere til Verdiseminar på Vinjehuset fyrste laurdagen i november. 
Som alltid opnar ordføraren i Vinje Jon Rikard Kleven seminaret medan kyrkjerådsleiar Harald Hegstad, kultursjef Kristian Rantala, prost Asgeir Sele, kyrkjeverje Bjørnar Christensen tek opp temaet frå sine ståstader. 

Program for Verdiseminaret 2024:

  • Opning ved ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven
  • Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad om å vera kyrkje i eit livssynsope samfunn
  • Kultursjef i Vinje Kristian Rantala: Det livssynsopne samfunnet slik ein kultursjef ser det?
  • Kyrkjeverje i Tokke Bjørnar Christensen: Om gravferdsforvaltning i det Livssynsopne samfunn.
  • Prost Asgeir Sele; Oppsummering

Song og musikk ved Bjørnar Christensen og Robertas Lamsodis.

Prinsippa som låg til grunn for arbeidet i 2013 om Det livssynsopne samfunn

I 2013 kom Livssynsutvalet under leiing av Sturla Stålsett med NOU-en "Det livssynsåpne
samfunn". Her vart desse prinsippa lagt til grunn.
1. Tros- og livssynsfriheten beskyttes for alle.
2. Den enkeltes tros- og livssynspraksis må ikke krenke andres rettigheter og friheter.
3. Ikke-diskriminering: Staten må ikke utsette noen for usaklig eller uforholdsmessig forskjellsbehandling på grunn av deres tros- eller livssynspraksis.
4. Det legges aktivt til rette for alle borgeres tros og livssynspraksis.
5. Likebehandling: Staten bør tilstrebe at enhver borger får – i prinsipp og i rimelig praksis – samme grad av støtte til sin tros- og livssynsutøvelse.
6. Statens aktive tros- og livssynspolitikk må i sin utforming vurderes opp mot sentrale fellesverdier: demokrati, rettsstat, menneskerettigheter, ikke-diskriminering og likestilling.
7. Organisert tros- og livssynsutøvelse som mottar statlig støtte, må forventes å vise vilje til åpenhet og vise annen tros- og livssynsutøvelse den samme respekt som en selv forventer og nyter godt av.
8. Alle bør akseptere å bli eksponert for andres tros- og livssynspraksis i det offentlige rom.
 

Tilbake