Kyrkja i Vinje har gleda av å invitere 3 – 6 åringane samt 1. – 3. klassingane i Vinje kommune til eit kyrkjerotteteater i Rauland kyrkje laurdag 26. oktober 2024 kl. 17:00. Dørene blir opna 15 minutt før framsyninga.
Hovudpersonane i "Kirkerottene" er rottene Fredo og Vesle. Før jobba dei på sirkus, men no bor dei i ei kyrkje. Der blir dei kjent med Kari prest og Viggo, Kattunge og Lea Mus.
"Kirkerottene" vitjar kyrkjer over heile landet, og er ein del av trusopplæringa i kyrkja. Årets framsyninga heiter «Kirkerottene og Kattunge» og tek utgangspunkt i bibelforteljinga om den bamhjertige samaritan, om det å ha omsorg for dei me møter.
Framsyninga er med profesjonelle skodespelarar og held eit høgt kunstnarleg nivå.
Det vil garantert vere ei flott oppleving for borna!
Påmelding
Send påmelding med talet på born og vaksne som skal delta til fylgjande adresse:
kyrkjekontoret@vinje.kommune.no
Påmelding snarast og helst før 20. oktober.
Ev spørsmål kan de rette til sokneprest i Rauland, Nina Kirkerød, tlf. 918 62 089,
eller soknerådsleiar i Rauland Torgeir Naustvik-Jortveit, tlf. 947 94 193.
Tilskiparar:
Soknerådet i Rauland og Møsstrond sokn
i samarbeid med Øyfjell, Grunge og Vinje/Nesland sokn