Torsdag 10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse.
Dagen blir markert i Nesland kyrkje onsdag 9. oktober kl. 18.
Nesland kyrkje er staden når Vinje og Tokke og diakonen i Vest-Telemark innbyr til samlimg onsdag 9. oktober kl. 18 for å markere verdsdagen for psykisk helse.
Utfordringa til oss alle frå Verdsdagen i år er: «Me treng å snakke meir saman».
Konkret blir vi oppmoda om å gje åtte minutt til eit anna menneske. Det kan gjere ein skilnad for nokon.
Og det gjer godt å kome saman!
Difor marker Diakoniutvala i Vinje og Tokke Verdsdagen med samling i Nesland kyrkje onsdag 9.oktober 2024 kl. 18
Det er lova bollar og brus, og i programmet elles vil ein møte Linda Greiner frå Mental Helse i Vest- Telemark, samt representantar frå Psykisk helse i Tokke og Vinje som fortel om deira tilbod når folk treng hjelp med psyken.
Elles vil Tone Susanne Kvasjord frå Fyresdal fortelje om kva som hjalp henne når ho hadde det det vanskeleg. Kvelden blir avslutta med ein enkel liturgisk kvardagsmesse med Tor Eivind Erikstein med fleire.