Tysdag 1. oktober kl 17.30 startar ein opp med familiespeiding i nybygd gapahuk på Fundli. Familiespeiding er eit kristent barnearbeid, ute i naturen, for førskoleborn i alderen 2-6 år i følge med ein vaksen. Eit samarbeid mellom kyrkjelyden i Rauland og Norges KFUK og KFUM-speidere.
Illustrasjonsfoto frå Norges KFUK og KFUM-speidere, foto Helene Moe Slinning
Familiespeiding
Sjølv om det heiter «familiespeiding», så treng ikkje den vaksne vere næraste føresette, men gjerne ein bestefar eller bestemor, ein fadder, ei tante eller ein nabo. Om yngre eller eldre søsken også vil være med, er dei hjarteleg velkomne!
I naturen med nybygd gapahuks som utgangspunkt
Den nybygde gapahuken ligg opp ein liten sideveg, til venstre, 4,6 km fra Mobakkane, om ein køyrer frå Rauland/Austbø. Kjem du frå Øyfjell, er det første stikkveg opp til høgre etter skilt veg til Fundli. Adressa er Øyfjellvegen 2265.
Anna kvar veke
Speidarmøta blir anna kvar veke, tysdagar i partals-veker (veke 40, 42, 44 o.s.v.), og startar alltid med ei lita samling med song og bibelforteljing. Etter det er det «dagens emne» der vi opplever enkelt friluftsliv i leik, undring og læring, ute til alle årstider. Vi skal syne viser respekt for naturen, glede over friluftsliv og mot til å prøve nye ting. Første emnet er korleis kle seg for utemøta.
Til slutt er det samling kring bålpanna for litt mat. På første samlinga 1. oktober blir det pølser og brød! Speidarmøta startar kl 17.30 og varer til om lag kl.18.30/19.
Varme klede og kopp
Ta på praktiske, gode og varme klede, støvlar eller gode utesko, og ta med kopp og hodelykt (om du har)!
Velkomne!
Lurer de på noko? Ring eller send SMS til Melodica 477 42 747 eller Margunn 924 30 863.