Litteraturdagane 2024 avsluttar i kyrkja


Litteraturdagane vert avslutta sundag 29. september med festivalgudsteneste kl. 11 i Vinje kyrkje . Dagen startar med morgonmat på kyrkjekontoret og litteraturvandring til kyrkja.

Også i år vert Litteraturdagane i Vinje avslutta med gudsteneste i Vinje kyrkje. 
Musikken står kantor Robertas Lamsodis for, saman med lokale aktørar. Sokneprest Tor Eivind Erikstein er liturg.

Litteraturfrukost kl 09:30 
Men denne siste litteraturdagen startar med morgonmat på kyrkjekontoret, eit steinkast frå Vinjesenteret. Etter frukost blir det vandring til kyrkja, med korte «litteraturstopp». Vandringa blir leia av diakon Eilev Erikstein. 
Både frukosten, vandringa og gudstenesta er sjølvsag gratis og open for alle!

 

Tilbake