Fest då ein feira mangfaldet i Vinje


Laurdag 31. august var festgudsteneste i Vinje kyrkje. To små blei borne til dåp, samstundes som gudstenesta  feira mangfaldet som innleiing til pride-dagen i Vinje. 

Gudstenesta var starten på pride-markeringa i Vinje denne sommaren. Etter gudstenesta var det mangfaldig vandring over haugen til gardsfolket på garden Vinje, og ned til Vinjesenteret der det var program med helsingar og konsert. Godt over seksti menneske deltok

DE ER ALLE GUDS BORN!

Paulus si oppmoding til Galatarne i kap 3 sette fargen på gudstenesta: «De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus.  For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.» 
Dette er ein tekst som ramma inn dei to dåpshandlingane, og ikkje minst det mangfald som menneska er.

Tor Eivind Erikstein tok i preika si utgangspunkt i forteljinga  om det store gjestebodet i Lukasevangeliet, der tenaren til slutt fekk i oppdrag om å gå ut på vegane og stigane og nøyda folk til å koma inn, for å fylla huset og festen til verten.

VELKOMNE SOM EIN ER TIL GUDS HUS

Tor Eivind understreka at det er viktig for han å syne at det ikkje er tvil om at ein er velkommen som den ein er. Han peike på Jesu samtale med den skriftlærde der han sa at ein skulle «…’elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’  Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.» 
Det  er fint at ein pride-dag i Vinje kan innleiast med slike ord og  innleia med ei gudsteneste.
– Eg trur at alt det me gjer for å ha eit opent samfunn er viktig. Det å elske sin neste som seg sjølv må vere ei haldning ein har, og dette arrangementet er ein måte å tydeleggjere dette på.

– Vi er eit vi-fellesskap, og i samfunnet treng vi alle menneske, som kan finne seg til rette og oppleve at dei er verdfulle som dei er.

ORDFØRAREN: VI ER FERDIG MED DEBATTANE!

Samlinga på Vinjesenteret var ute i godt seinsommarver, og leia av Ea Kristine Bakken frå Vinje kommune. Vilje Djupskås frå Flatdal, initiativtakar til pridemarkeringa i Vinje, og andre stader i Vest-Telemark, heldt ein sterk appell før ordførar Jon Rikard Kleven heldt sin appell der han erklærde seg lei av alle debattane om flagging og deltaking og … 
- Vi er ferdig med desse debattane, slo han fast. - Skeive er ikkje debatt-tema, dei er medmenneske som alle oss andre!
Signe Bråstøyl frå Vinje kommune sin helsestasjon for ungdom fortalde om arbeidet ved helsestasjonen, fortalde litt frå alle spørsmåla som unge kom til stasjonen med, ikkje minst spørsmål kopla til kjensler og legningar. Ho kunne ikkje få understreka kor viktig slike feiringa som denne dagen, var. 
 

Tilbake