Alle på niande klassetrinn neste år er velkomne til å bli med på ei spanande og lærerrik reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen!
Alle ungdomar som blir 15 år i 2026 kan delta i konfirmasjonstida i Den norske kyrkja, men ein må vere døypt for å bli konfirmert i kyrkja. Om ein ikkje er døypt, så er det fullt mogleg å bli døypt som tenåring.
Allereie no kan ein melde seg på og bli med på førebuingane! I Vinje og Rauland startar konfirmasjonsførebuingane hausten 2025 og endar med konfirmasjon i byrjinga av september 2026.
Som konfirmant får du mange nye opplevingar. Vi lærer om den kristne trua, om Bibelen, gudsteneste og bøn – og om det å vere menneske i denne verda.
Er du nysgjerrig på kristendom, tru, og spørmål om korleis vi ter oss mot kvarandre og omgivnaden vår, så er konfirmasjonstida noko for deg.
Meir om konfirmasjonstida på kirken.no
Påmeldingsfristen er sett til 1. oktober 2025.
Enklast skjer det ved å fylle ut skjemaet på kyrkja si nettside.
Om de lurar på noko, så ta kontakt med ein av prestane våre.
Nina Kirkerød, sokneprest i Rauland, tlf. 918 62 089 (Rauland, Møsstrond og Øyfjell)
Tor Eivind Erikstein, sokneprest i Vinje, tlf. 952 37 673 (Grunge, Vinje og Nesland)
Illustrasjonsfoto henta frå kirken.no