Om ein ikkje er i målgruppa for spesialvandringane til Røldal 27. – 29. august og 7. og 8. september, kan ein velje dagsvandring frå Svandalsflona til Røldal den 1. september.
Tretten kilometer, stort sett nedoverbakke på veg og stig. Vel framme i Røldal vert det pilegrimsgudsteneste. Vandringa er gratis, men ein må sjølv kome seg til Svandalsflona.
- 27.- 29. august er det «Å vandre med håp». Det er eit breitt samarbeid mellom diakonien, psykisk helse i alle Vest-Telemark kommunane, KVITO og DPS i Seljord. I år vandrar ein for 16. gong.
- Så er det «Vandring for Forandring» 7.- 8. september. Det er eit samarbeid mellom Agder og Telemark bispedøme, LEVE og RVTS Sør om ei to dagars vandring til Røldal for karar som har mista nokon av sine i sjølvmord. Kanskje er denne vandringa, trist nok, ekstra aktuelt med dei aukande sjølvmordstala. Framme i Røldal markerer ein Verdsdagen for sjølvmordsførebygging.
For 20 år sidan fann ivrige historielagsfolk i Haukeli og Edland, med Ragnvald Christenson i spissen, fram dei gamle pilegrimsvegane. Så blei etter kvart eit samarbeid med kyrkja ved Agder og Telemark bispedøme om organisera vandringar frå Vest-Telemark til Røldal, og det var det langvandringar frå Seljord i nokre år. Men marknaden for slike vandringar er ikkje veldig stor, og helst går folk mot større pilegrimsmål i Spania og mot Trondheim.
Men pilegrimsvegen til Røldal rører framleis på seg, og blir kvart år blir han nytta av ulike grupper.
Heng deg på!
Meir informasjon kan ein få ved å vende seg til
prostidiakon Eilev Erikstein 911 13 580