Gudstenesta er starten på bygdepridemarkeringa 2024 i Vinje, ei feiring av mangfald og toleranse. Etter gudstenesta blir det tog til Vinjesenteret, der det vil vere ulike innslag.
Sokneprest Tor Eivind Erikstein, som skal leie mangfaldsgudstenesta, fortel at «pride» tyder å vere stolt, stolt over den du er. Skapt i Guds bilete, som det står i Bibelen.
Tor Eivind understrekar at pride handlar om å ta menneskeverdet på alvor, der den einskilde skal høyre at kvar og ein av oss har uendeleg verdi.
- Det er mange som har kjempa hardt for dette mangfaldet. Det er mange som framleis kjempar hardt for at menneske skal få lov til å elske den dei vil.
- Den retten kvar og ein har til å elske og bli elska, til å vere den ein er, er ein rett som ein ikkje kan ta for gitt. Den må det vernast om. Igjen og igjen og igjen.
Og alle gode krefter må gå saman om det. Slik skapar ein eit opnare og betre samfunn. Med plass til alle.