Feirar etablering av kristenretten


Den veka feirar kyrkja at biskop Grimkjell og Olav Haraldson, seinare Olav den heilage, saman vedtok det vi kallar "kristenretten". Det skjedde på Moster i 1024 - altså for 1000 år sidan. 

Biletet av Moster gamle kyrkje er henta frå moster2024.no
_____________________________________________________

Med etablering av kristenretten vart ei stor og omfattande samfunnsendring sett i gang, frå maktsamfunn til rettssamfunn.

På byrjinga av 1000-talet i Noreg var kyrkje- og kongsmakt som statsmakt enno bare i støypekeia. Difor var kristenretten på Moster eit samarbeidsprosjekt. Det var biskop Grimkjell som laga kristenretten, medan det var kong Olav den heilage som sikra at den vart vedtatt.

Kristenretten vedtatt på Moster var truleg bare ein del av eit større lovgjevingsprosjekt, som òg omfatta ein handels- og kontraktrett og ein ekteskapsrett, og kanskje til og med reglane for trælhald. Bakgrunnen for det, var at kristninga gjorde at mange livsområde måtte endrast og få nye lover for ikkje å koma i konflikt med den nye trua.

Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig av maktforholda i samfunnet. Det var den retten som sprang ut av Gud og var lagt inn i skaparverket.
Dette var den evige og overordna retten som menneske måtte innordna deg. Ein kunne difor ikkje vedta dei lovene ein ville, men måtte lovgje i tråd med Guds vilje. Dette gjorde at svake grupper i samfunnet, som ikkje hadde makt til å påverka kva som var rett, kunne få rettar og vern likevel. Dette gjaldt til dømes kvinner og trælar. 
Den revolusjonerande ideen var at alle er skapt i Guds bilete, og difor var ein del av same fellesskapen, og av den grunn har plikt til å ta vare på kvarandre. I Kristenretten frå Moster, og lovgjevinga som høyrer saman med den, har ein reglar om korleis ein træl kan bli fri, om straffefritak for mentalt sjuke drapsmenn, om kvinner sin rett til å vera med å bestemma kven dei skal gifta seg med, og om fredeleg løysing på handelskonfliktar.

PS:
For oss vinbyggjar tek vi med at i eit rikhaldig program denne veka, deltek Ingebjørg Bratland og KORK med ein konsert fredag 31. mai!

Kjelde: nettsida til jubileet moster2024.no

Tilbake