Oppretting av gravminne i Grungedal


Soknerådet tilbyr hjelp med maskiner og folk til den som treng å rette opp tunge gravminne som har sige skeive. Meld interesse på dugnaden 14. mai frå kl. 17.

Den som ynskjer hjelp til oppretting av gravminne, kan skrive namn og telefonnummer på ei liste som ligg i kyrkjestoga på dugnadsdagen 14. mai. Ein kan òg melde seg på til soknerådet v/Tone Edland.

Når ein har fått oversikt over dei gravstøttene som skal rettast opp, vil ein organisere ein dag / ettermiddag i løpet av mai der ein gjer dette. Den enkelte vil då bli kontakta i om tidspunkt. 

Det blir leigd inn ekstra hjelp til dette, så ein må reikne med å betale ein eigendel. Summen kjem ein attende til.

Soknerådet v/Tone Edland, tlf. 959 30 407

Tilbake