Denne veka startar kyrkjemøte i Trondheim, og Stine Beate Ljostad frå Vinje er med som del av bispedømmerådet for Agder og Telemark.
Oppdatert 13.04.2024
Det er første gang dei nye medlemmene i kyrkjemøtet er samla, etter at dei vart valde i september 23.
Det er bispedømmeråda som utgjer hovuddelen av kyrkjemøtet.
Vest-Telemark er representert med Stine Beate Mondal Ljostad frå Vinje. Ho er vald inn i Agder og Telemark bispedømmeråd, og dermed kyrkjemøte, for Open folkekyrkje. At Vinje har ein representant på kyrkjemøtet, er historisk, og vi ynskjer Stine Beate lykke til!
Ny kyrkjerådsleiar, kyrkjas statsminister, etter Kristin Gunleiksrud Raaum skal veljast.
Ho går av etter åtte år. Kristin Gunleiksrud Raaum har vore ein synleg og tydeleg leiar gjennom desse åra. For nokre dagar sidan vart ho utnemnd til Riddar av 1. Klasse av den Kongelege St. Olavs Orden. Diakonien er ei av hjartesakene hennar.
Oppdatert 13.04.2024:
Kyrkjemøtet valde Harald Hegstad til ny Kyrkjerådsliar dei neste fire åra. Harald Hegstad er professor i teologi på og representerer Oslo bispedømmeråd. Han fekk 60 av kyrkjemøtets stemmer. Motkandidat Gard Sandaker-Nielsen, frå Åpen folkekyrkje, fikk 55 stemmer.
Les meir om den nye kyrkjerådsleiaren på avisa Vårt Land si nettside