Diakoniprisen 2024 til Krosslimusikken


Under Diakonisamlinga for Vest-Telemark som var i Fyresdal sundag 7. april fekk Krosslimusikken Diakoniprisen. Dette var 31. gong prisen vart delt ut.

Krosslimusikken fv Arne Espeland, Harald Melås, Bjørg Skaalid, Bjørg Melås, Ingebjørg Stsaumsnes, med prisutdelar, leiar av Diakonatet Gunnar Øverland.


Prisen vart dela ut under gudstenesta, leia av komande sokneprest Marte Martilla Dybdal, medan Eilev heldt preika. Etterpå var det eit bugnande kakebord i midtgangen. Samlinga heldt fram med eit hovudforedrag av prost Asgeir Sele, som teikna nokre prespektiv om framtidas medarbeidarskp i kyrkja vår. Eit av poenga var at den frie landsomfattande folkekyrkja, truleg går mot ei tid med trongare økonomi, og at trongen for frivillig innsats kjem til auke. Samlinga vart avslutta med at kyrkjeverja i Fyresdal, Else Berit Mandt Gaaren, fortalde om om det å vere tilsett i kyrkja. Når ho no snart skal slutte var det takksemd som stod igjen som stikkord.  

NESTE ÅR ER DIAKONISAMLINGA I VINJE DEN 25. APRIL 2025

Meir om Krosslimusikken og diakoniprisen 2024 i Vest-Telemark Blad

Tilbake