Matkasser frå diakonatet også i år


Matkasser frå diakonatet også i år


I mange år har Diakonatet delt ut matkasser, også i år gjer me det, fortel prostidiakon Eilev Erikstein. 
 

Som diakon er det fint å få reise rundt med dette handslaget frå kyrkja og diakonien, fortel Eilev. Med tilskot frå ulike kjelder har diakonatet midlar til å halde fram med å gje ei ekstra oppmuntring til jul.

Eilev minner om at det også i vårt velferdssamfunn er mange som slit med økonomien. Auka renter på lån, straum- og matprisar, og generelt meir uro for økonomien. - Dette merkast best hjå dei som har det trongt økonomisk frå før, seier Eilev.

Han ber dei som synest at eit ekstra tilskot til jol, i form av ein matkasse, hadde vore bra, om kontakte seg. Dette gjeld og om ein veit om nokon som kanskje hadde hatt bruk for ei slik oppmuntring.

Telefonen til Eilev er 911 13 580.

Saman med matkassen fylgjer eit triveleg førjulsbesøk av Eilev!

Tilbake