Vinje og Nesland kyrkjelyd innbyr born og vaksne til sosialt samvær på Evangeliehuset i Åmot onsdag 22. november og onsdag 6.desember kl. 17.30 - 19.
Illustrasjonsfoto Den norske kyrkja/Kyrkjerådet
Tilbodet er for alle, og ein ynskjer at "Møteplassen" kan bli ein stad der tilflyttarar kan bli kjende med dei som har budd her ei tid.
Her blir det høve til å snakke saman "over ein kaffikopp". Det blir ein leikekrok for borna, og etterkvart diverse aktivitetar der alle kan vere med.
Fyrste samling er onsdag 22. november kl. 17.30.
Det blir berre ei samling til før jul, onsdag 6. desember, men ein tek sikte på å halde fram etter nytt år.
Om nokon treng skyss, kontakt Margit Rui Christenson, tlf. 95 10 53 25
Velkomne til "Møteplassen"