Sondre Bratland og Marianne Lystrup i Grunge kyrkje


Sondre Bratland og Marianne Lystrup i Grunge kyrkje


Torsdag 5. oktober kl 19: På haustens kulturkveld i Grunge kyrkje presenterer Marianne Lystrup den nye boka si om Sondre "Menneskelyden - Sondre Bratland og folketonane som slapp fri". 

Foto: Erik Hillestad

Sondre Bratland har i mange år reist rundt og samla folketonar, som han med stor glede og innleving har formidla vidare i konsertar, til studentane sine og ikkje minst gjennom sine mange plateinnspelingar. Han har aldri vore redd for møtet mellom gamle tonar og moderne musikk, og på den måten har mange fleir fått øyro opp for desse vakre tonane. Ein utruleg innsats som me er svært takksame for. 

Mangeårig journalist i Vårt Land, Marianne Lystrup, som vaks opp i Vinje, har skrive bok om Sondre Bratland sitt allsidige og innhaldsrike kunstnarliv. Ho kjem og fortel om arbeidet med boka, og Sondre er sjølvsagt til stades. 
Dei to vil fylle kvelden med gode historier og songar. Vår gode kantor, Robertas Lamsodis, har folketonar på repertoaret. Me som fyller kyrkja, får og høve til å sleppe laus nokre folketonar i allsong. 
Boka vert mogleg å få kjøpt. 

Arrangør: Soknerådet i Grungedal

Tilbake