Nina Kirkerød er den nye soknepresten i Rauland og Øyfjell, samt Høydalsmo og Lårdal. Ho har fungert nokre veker allereie, men vart høgtidedleg innsett og ønskt velkomen sundag 27. august.
Gudstenesta starta med at soknerådsleiar Wenja Rui las opp ei helsing frå biskopen til kyrkjelyden om ta vel i mot den nye presten. Prost Asgeir Sele var og til stades og ynskte Nina velkomen inn i felleskapen av prestar i prostiet.
Etter dette var det Nina som leia gudstenesta inkludert med ei sterk preike over Jesu likning om dei tenarane som fekk fem, to og ein talent. Vi er alle skapt av Gud, og har fått ei oppgåve i livet. Bruk talenta dine, der du er, var oppfordringa hennar, både til kyrkjelyden, og henne sjølv.
Etter messa diska soknerådet opp med kaker og kaffi. Praten gjekk, og Nina gjekk rundt og fekk helse på sine nye "sokneborn". Det vart og bore fram helsingar med gåver frå soknerådet, kyrkjeleg fellesråd, prosten og den avtroppande soknepresten, Tor Eivind. Prostidiakon Eilev ynskte henne og velkomen til samarbeid.
Nina Kirkerød er ein erfaren prest, og kjem til den nye stillinga frå soknepreststilling i Kongsberg-området.