Val av bispedømmeråd er og eit val til kyrkjemøte, sidan alle medlemmene i bispedømmerådet er hovudtyngda i kyrkjemøtet. Val av bispedømmeråd skjer på same dag og stad som for lokalval til sokneråd.
Til bispedømmerådsvalet i Agder og Telemark bispedømme er det fire ulike lister å velje mellom, Bønnelista, Frimodig kirke, Åpen folkekirke og Nominasjonskomiteens liste.
Bønnelista seier om seg sjølv m.a. at «Bønnelista vil videreføre den kristne tro og tradisjon som Den norske kirke har vært tuftet på siden reformasjonen. Bibel og bekjennelse – er og skal være kirkens grunnlag.» Øvst på lista står Håkon Kolstad Varhaug og Martin Birkeland.
Frimodig kirke seier om seg sjølv at dei «ønsker en kirke som er trofast mot Guds ord, åpen og evangeliserende. Målet er å nå dagens mennesker med evangeliet og utruste til å følge Jesus i hverdagen. Kirken blir bygget nedenfra og gudstjenestene er pulsslaget. Vi vil gi den lokale menighet større ansvar…» Dei to øvste på lista er Andreas Holm og Narve Furnes.
Åpen folkekirke skriv om seg sjølv at «I perioden 2023-2027 vil vi videreutvikle Den norske kirke som en åpen, inkluderende og demokratisk folkekirke. Kirken skal være åpen for alle og fremme menneskeverdet.» Dei to øvste på lista er Terje Damman og Stine Beate Mondal Ljostad (frå Vinje! Vår tilføying)
Nominasjonskomitéens liste er ei ikkje-politisk liste sett saman av representantar som er foreslått av kyrkjelydane i bispedømmet, så sett saman av ein nominasjonskomité med representantar frå kvart prosti. Øvst på lista står Vidar Øvland og Anne Hanssen Vartdal
Meir info om listene til bispedømmeråd og kyrkjemøte, ligg på bispedømmerådet sin nettstad: kirken.no/agder