For sjuande gong markerte kyrkja i Øvre Telemark FNs flyktningedag, denne gongen i eit samarbeid med Vinjesenteret og Vaksenopplæringa i Vinje.
Vel sytti menneske, dei fleste frå Vaksenopplæringa i Vinje, var samla ved Vinjesentret, då sokneprest Tor Evind Erikstein ynskte velkomen. Ingebjørg Edland, vertskap- og programansvarleg ved Vinjesenteret, inviterte så ein tur innom senteret før ein vandra til Vinje kyrkje. Der var det helsingar frå prosten vår Asgeir Sele og ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven. Avslutninga stod Robertas Lamsodis, Vitaly Puskis og Heidi Loddengård for. Sendt fra min iPhone