På sundag 11. juni var det stor dåp i Rauland. Heile 5 born vart døypt! Oversikten over døypte denne våren syner ein tendens med fleire døypte, i alle kyrkjene våre. Det er gledeleg seier sokneprest Tor Eivind Erikstein.
Tre av dei fem som blei døypte sundag 11. juni var syskenborn, Maria, Maja og Erik.
I tillegg deltok konfirmantane på ulike vis gjennom gudstenesta.
På biletet har vi alle dåpsborna med foreldre.
Frå venstre: Maria Ståland Nordjordet med foreldre Signe Helene Juvland Ståland og Kevin Nordjordet
Sigrid Strandskogen Hamre Lid, med foreldra Anne Strandskogen Hamre og Arne Åge Lid
Erik Rognerud, med foreldra Carina Helen Nordjordet og Thor Mikkel Rognerud
Maja Nordjordet Bjørtuft med foreldra Marte Kristine Nordjordet og Vebjørn Stenersen Bjørtuft
Halvor Reinsviki Skeie med foreldra Margit Reinsviki og Håvard Skeie Holte.
Bakerst ein nøgd sokneprest Tor Eivind Erikstein.
Dåp har ingen aldersgrense
Dei fleste som blir døypte i kyrkjene våre er små born. Men dåp har ingen aldersgrense! Kvart år er det dåp av konfirmantar som ikkje vart døypt som små, men som ynskjer å høyre til kyrkja gjennom dåp og konfirmasjon. For å bli konfirmert må du vere døypt, men det er ikkje noko krav for å vere med på konfirmantundervisninga. Dåpen kjem ev mot slutten av konfirmantåret.
Dåp skjer primært i ei av dei fine soknekyrkjene våre, men vil ein til fjells, så er både Falkeriset og Karten fjellkyrkje aktuelle dåpsstader.
For nokre år sidan fekk vi ny personvernlov som m.a. gjer at kyrkjekontoret ikkje får tilsendt fødselsmelding. Dermed har vi heller ikkje høve til å sende ut invitasjon i posten om dåp til dei "nybakte" foreldra.
Ein må difor sjølve ta kontakt for dåp!
Har ein bestemt seg for dåp, kan ein gå inn på heimesida til kyrkja i Vinje:
vinje.kyrkja.no/livets-gang/dåp
Der registrerer ein opplysningar, og her ser ein kva datoar som er aktuelle for kvar kyrkje eller dåpsstad. Når dåp er registrert får ein ei stadfesting på dette, der det og vil stå at prest vil ta kontakt for ei dåpssamtale.
Har ein spørsmål om dåp, er kyrkjekontoret eller ein av prestane, klare til å svare.