FNs flyktningedag er 20. juni. Kyrkja i Vinje inviterer til samling og vandring frå kyrkjekontoret like ved Vinjesenteret, til Vinje kyrkje, onsdag 14. juni.
Verdas flyktningedag er ei Verdas flyktningedag skal minne oss på flyktningars rettar, trong og draumar, og bidreg til å mobilisere politisk vilje og ressursar slik at flyktninger ikkje berre kan overleve, men også trivast.
Å gå gjev von. Går ein, vil ein leve. Går ein, er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå.
Sidan 2017 har Kyrkja i Øvre Telemark markert dagen med ei pilegrimsvandring ulike stader i Øvre Telemark. Mot Røldal i 2017, Sauherad (2018) Seljord (2010 og 2021), Bø (2021) og Kviteseid( 2022).
I år møter ein ved Vinje kyrkjekontor på Vinjeflaten kl. 11, rett ved Vinjesenteret.
Her blir det kulturinnslag i samarbeid med Vinjesenteret.
Kyrkjekontoret ordnar med kaffi, medan folk sjølve tek med seg nister.
Ein vandrar så ein ein liten kilometer til Vinje kyrkje. Der blir det musikkinslag ved Heidi Loddengård og Robertas Lamsodis, og appell ved ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleiven
Vakseopplæringane/ Flykningetenestestene i Vest- Telemark er særleg velkomne!
Arrangørar er Prosten i Øvre Telemark, Prostidiakonen i Vest- Telemark saman med Kyrkja i Vinje.
Kontakt for meir informasjon: prostidiakon Eilev Erikstein, mobil 91113580
Biletet er henta frå FN-sambandet si heimeside: