Dugnadane på kyrkjegardane i Vinje vart gjennomført med godt oppmøte i dagane før 17. mai. Soknerådet i Rauland lyser sin dugnad 25. mai frå kl. 14
På biletet ser vi ein del av dei 25 som stilte på dugnad på Vinje kyrkjegard den 15. mai. Grungedal melder om "hyggeleg mange" same dag , medan i Nesland var det 11 som stilte på dugnaden den 11. mai.
Foto: Ingfrid Solberg
Dugnaden på Rauland kyrkjegard er torsdag 25. mai frå kl.14.00
Soknerådet ber folk taka med rive, fluktstol (!) og dei blomane dei treng til gravene.
"Vinje fjellflora" skaffar høvelege blomar til den dagen, det blir nemleg ingen plantebil ved kyrkjegarden.
Derimot blir det sjølvsagt kaffe og vaflar, ferske og eteklare frå kl 15.00 borte ved bårehuset.
Vaflar, syner det seg, er fast dugnadsmeny. Alle stader det har vore vårdugnad, så har sokneråda stilt med kaffi og vaflar. Etter dugnaden i Vinje kunne ein samle seg i Drengestoga i prestegarden, der Anne og Svein hadde vermt opp.