Gangbrua til Vinje kyrkje offisielt opna


Ordførar John Rikard Kleven stod for den høgtidelege opninga av den nye inngangsbrua inn til Vinje kyrkje sundag 7. mai. Mykje folk, ikkje minst må nemnast folk med rullatorar og rullestolar, hadde funne vegen til kyrkje denne solrike dagen.  

Biletet: Ordførar John Rikard Kleven opnar gangbrua. Til venstre: Snikkar Sveinung Midtgarden og arkitektane Ove Morten Berge og Christian Scøberle. Geir Myhre frå bispedømerådet midt nr fire frå venstre. Foto: Ingfrid Solberg


Brua er berre eitt av tiltaka for å gjere Vinje kyrkje universelt utforma. Den nye tofløya inngangsdøra kan opnast elektrisk, med trykkknapp i rullestolshøgde og merkt i blindeskrift. Høge tersklar er fjerna, og høgdeforskjellar på golvet i våpenhus og inne på kyrkjegolvet, er jamna ut, slik at td rullestolbrukarar kan kome seg heilt fram til altaret ved eiga hjelp. Det er og gjort plass til rullestolar inne i kyrkja, ved at ein av benkane er fjerna.

Kravet om universell utforming har vore der lenge, men er med dette innfridd ved dei fleste kyrkjene i Vinje. Arkitekturen inne i Nesland, Grunge, Øyfjell og Møsstrond kyrkjer, med trapper opp til koret og altaret, er framleis uløyst hindring.

Seremonien på «opningsdagen» i Vinje kyrkje 7. mai, var etter messa kl. 11. Før ordførar John Rikard Kleven takka kyrkjeverje Kjell Magne Grave alle som hadde bidrege til at brua er på plass, og dela ut fine blomebukettar til snikkar Sveinung Midtgarden og arkitektane Christian Scøberle og Ove Morten Berge. Bispedømerådets reprepresentant Geir Myhre fortalde om den lange og snirklete prosessen fram til endeleg reseultat, ein prosess som starta formeir en 40 år sidan.

 

Tilbake