Den norske kyrkje har saman med Bufetat (Barne, ungdoms og familieetaten) inngått eit samarbeid for å retta søkjelys på rekruttering av fosterheimar. Den enkelte kyrkjelyd blir utfordra til å vere med.
Illustrasjonen er frå framsida av Oppvekstrapporten 2013, henta frå Bufdir sine nettsider.
Bakgrunnen for utfordringa til kyrkjelydane er at tidlegare barne- og familieminister, Kjell Ingolf Robstad, tok initiativ til å gjera ein ekstra innsats for å rekruttera fleire og ulike fosterheimar. Han vende seg derfor til alle trus- og livssynssamfunn med oppmoding om å bidra i ein felles dugnad.
Utfordringa er sendt vidare til kyrkjelydane av Agder bispedømeråd ved diakonirådgjevar Rannveig Johannessen Lyngroth. Kyrkjelydane blir bedne om å inngå avtaler med "Bufetat"om å bli ambassadør for Bufetat og fosterheimrekrutteringa.
I regionen vår bur det rundt 100 barn som ventar på fosterheim. Som kyrkje og kyrkjelyd fell det naturleg å vera med på dugnaden. Det handlar om engasjementet vårt for barn og unge. Samtidig har me som kristne samfunnsborgarar eit individuelt kall i forhold til vår neste. Gjennom ein lokal ambassadøravtale med Bufetat bidreg kvar kyrkjelyd i den nasjonale dugnaden. Det blir utarbeidd ein enkel plan for samarbeidet. Slik blir kyrkjelyden ein viktig medspelar.
Etterkvart som kyrkjelydane i Vinje inngår slike ambassadøravtalar, skal det bli synleg her på kyrkja i Vinje sine nettsider.