Diakoniprisen til "No boots"


Diakoniprisen til "No boots"


Bandet No Boots har fylt  mange av Vest- Telemark sine kyrkjer dei siste år ti åra. I eit inkluderande felleskap, med Jan Gunnar Haugen frå Kviteseid, som  kreativ eldsjel og natureleg leiar, gler dei mange med sin musikk.

Biletet: "No Boots" f.v.: Tor Helge Midtbø, Jan Arild Aalandslid, Kristin Kleiv, Vidar Magnushommen, Arne Bye og Jan Gunnar Haugen. Foto: Eilev Erikstein


På diakonisamlinga på Dalen 16. april, la "NoBoots" grunntonen for gudstenesta med låtar skrivne av Elvis og Johnny Cash. Dette har dei gjort mange gonger før rundt om i kyrkjene i Vest-Telemark, men og i Røldal ved avslutning av pilegrimsvandringar - Vandre med håp og Vandring mot fridom. Aldri vanskeleg å bea på!

Slik er dei blitt ein viktig del, og konkretisering av at diakoni er fellesskap. Gjennom musikken samlar dei folk, og forløyser tankar og tonar i glede og sorg. 

Det starta med Johnny Cash-messe i Vinje kyrkje for mange år sidan. 
Elles har dei delteke på Bispevisitas i Vinje, Diakonisamling på Dalen (2012), støttekonsert for Skogsleiren i Fyresdal med håp omå stoppe nedlegginga av leiren. 

No Boots spelar variere musikk, men røtene og gleda ligg mykje i contryen. Det er musikk som på ei spesielt vis  tek oss inn i det diakonale. Det handlar om ikkje å gje seg, om å ha tillit til Gud, og om å reise seg på nytt når ting er vanskeleg. Og No Boots og deira musikk hjelper til med det.  

Difor fekk dei diakoniprisen for 2023.

Prisen vert dela ut av styret for diakonatet. Alle som vil kan kome med framlegg til kandidatar, med grunngjeving. I 2023 vart prisen dela ut for 30. gong

Den første prisenvart dela ut i 1994, post mortem til Godtfred Rekkebo.

Seinare er prisen gitt til: 

1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid 
1996: Kirkens SOS i Telemark, 
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal 
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje 
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal 
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje 
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid 
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007: ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010: Else Ibrekk, Kviteseid 
2011: Martha Tveit, Nissedal
2012: Gunstein Seltveit, Tokke   
2013: Kari Bjåen, Vinje 
2014: Bønefelleskapet i Rauland, Vinje 
2015: Kjell Lindheim, Kviteseid 
2016: Gudny Lid Unhjem, Vinje 
2017: Inger Johanne Aaheim, Nissedal 
2018: Kakeringen, Vinje 
2019: Tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend , Fyresdal 
2020: Kvendelaget i Åmot, eit økumenisk- diakonal tiltak som driv hjelpearbeid i Aust- Europa 
2021: Yngres i Vrådal, Kviteseid 
2022: Liv Kjellfrid Lia, Nissedal 
2023: No Boots, Kviteseid 
 

Tilbake