Det er mange høgtidsdagar i kyrkjeåret. Julekveld og påskedag. Pinsedagen med den Heilage Ande. Min favoritt er likevel tysdag før Palmesundag – Supertysdag! Det er den dagen då trua får bein og gå på, og liv og lære vert eitt. Det er då konfirmantane i m.a. Vinje går med fastebøsser!
Av prostidiakon Eilev Erikstein - frå Kyrkjelyden påska 2023 - les på nettet no
På ein heilt alminneleg tysdag går 40 000 menneske ut med innsamlingsboksar for Kirkens Nødhjelp. Mange av dei er konfirmantar, men meir og meir vert det ei samla oppgåve for heile kyrkjelyden.
Sidan 1967 har ein hatt Fasteaksjonen. Berre TV- aksjonen har fleire bøsseberarar.
Kirkens Nødhjelp starta med arbeid i det utbomba Tyskland i 1947. Den unge presten Odd Knævelsrud (1917-2011) vart sendt for å hjelpe nordmenn i Tysland. Fort fann han ut at ein ikkje kunne skilje mellom gode nordmenn og tyskarar. Dristig og politisk ukorrekt, men diakonalt rett.
Det som gjorde Kirkens Nødhjelp kjend hjå folk flest, var nok Biafra-krigen. Elias Berge (1922- 98) våga det ingen andre hjelpeorganisasjonar våga. Tonn på tonn av mat og medisinar vart floge inn i den delen av Nigeria som var kalla seg Biafra. I stupmørke, og under radaren våga flygarane livet.
Bileta av ungar med tomme blikk og store magar skapte eit stort engasjement. I 1970 var krigen, men for mange starta kanskje trongen til å hjelpe med bileta frå Biafra? Det blir ikkje pengar av gode tankar
Det er den aktive handlinga ved Fasteaksjonen eg likar. Det er ikkje tanken som tel. Det blir ikkje pengar på bøssa av gode tankar. Difor er det så fint med aktiv handling; gå, banke på og takke. Frå dør til dør, heile roda ut.
Ofte får ein spørsmål om pengane kjem fram. Svaret er at pengane kjem fram! Og om det berre er ein femtilapp som, litt skeptisk, blir putta på boksen, så vert det takka. Ein skal ikkje forakte det som er smått! Bibelboka fortel om ei enkje som gav i det stille. I samanlikninga kom dei skriftlærde dårleg ut.
Konfirmantar har innsamlinga som ein del av konfirmantopplegget. Kirkens Nødhjelp har lært mange generasjonar ungdom å gå med bøsser. Kirkens Nødhjelp og norske kyrkjelydar kan vera stolte av at dei har halde denne dør-til-dør infrastrukturen opp i mange år. Fasteaksjonen er som ein muskel som må trenast. Av og til må trening ut av treningslokalet, og møte verkelege bakkar og motvind.
Eg har ikkje dårleg samvit for å utfordre folk til å gje. Å gje og vera raus sikrar folk eit langt liv, las eg her om dagen. Gåvmilde folk lever lengre. Det er godt folkehelsearbeid å be om pengar til Fasteaksjon.
Så er det harde prioriteringar som må gjerast i vårt samfunn framover. Me har mange som skal hjelpast her heime. Og ikkje minst vil me at folk skal få hjelp der dei bur.
Kirkens Nødhjelp har spesialisert seg på vatn. Dei veit at i kriser er vatn kritisk i alle lokalsamfunn i verden. Krig og mangel på vatn driv folk på flukt. Men menneske kan aldri anna enn å prøve og overleve. Det lærte eg på ein studietur med Kirkens Nødhjelp til Haiti for nokre år sidan. Ein hardt prøva kaffibonde sa dette om korleis dei heldt ut trass svelt og naud. «Me har eit ordtak her på på Haiti . Meg går og går, til slutt vert det ein veg» Håp i ein dråpe vann.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2023, «Håp i ein dråpe vann» er 26.-28. mars 2023. Konfirmantane i Vest-Telemark er ute med bøsser tysdag 28. mars.
Du kan og gi ved å Vippse til 2426,
eller sende ein SMS til 2426
Merke meldinga med Vann.
Bankkontoen er 1594 22 87493
Saman med kyrkjene i Noreg jobbar Kirkens Nødhjelp med akutt bistand i katastrofer, slik som jordskjelvkatastrofen i Tyrkia og Syria og krigen i Ukraina, men og med langsiktige prosjekt for å redusere naud og fattigdom i verda. Saman jobbar vi for fred og rettferd, og for å redde liv.
Pengane frå fasteaksjonen går til dette livsviktige arbeidet.