Den siste språkkaféen i vår er flutt frå torsdag 8. juni til onsdag 7. juni, også mellom klokka tre og fem. Det er Frivilligsentralen, Vaksenopplæringa, Flyktningtenesta og Kyrkja i Vinje som inviterer.
Ein språkkafé er ein møtestad, helse på kvarandre og bli litt betre kjende, og ikkje minst trene på språk. Målgruppa er flyktningane som treng språktrening ut over det dei får på skulen. Dermed trengs det folk til å prate med. Ein språkkafé er difor òg ein god møtestad. Like aktuell for alle!
Den gode krovert Jorunn Gåsdalen (biletet) opnar dørene, og det er høve til å få ein kaffi kopp og eit kakestykke. Kake og kaffi er gratis. På Kroa er god plass, også til ungane.
Meir informasjon hjå Sokneprest Tor Eivind Erikstein, tlf 952 37 673,
eller prostidiakon Eilev Erikstein, tlf 911 13 580.
Tekst og bilete: Eilev Erikstein
Oppdatert 05.05.23/ojg