Tone Anne Hvalen prestevikar til ny prest er på plass


Fram til ny sokneprest kjem på plass for Rauland-Møsstrond, Øyfjell, Høydalsmo, Lårdal, skal prostiprest Tone Anne Hvalen vikariere som prest i Vinje og Tokke fram mot sommaren. 

Tone Anne Hvalen har tidlegare vore sokneprest på Rjukan, men er nå prostiprest i Øvre Telemark prosti. Ein prostiprest er ein ekstra presteressurs som kan nyttast der det, av ulike grunnar, trengst ein ekstra prest, slik som i Tokke og Vinje no for tida.

Ho har hatt fleire messer i Rauland i jola, og no sist i Grungedal.

Tone Anne Hvalen bur i Atrå i Tinn kommune der ho og driv gard. Sjølv om arbeidsvegen blir lang, klagar ho ikkje.

- Som prostiprest kjem eg meg rundt i heile prostiet. Eg får møte veldig mange fine mennesker - og sett mykje fin natur. Eg kjenner meg heldig som får gå nokre skritt saman med dei eg møter - både når det er glede og når tidene er vanskelege.
- No gler eg meg til å vere ein del av arbeidsfellesskapet i Tokke og Vinje ei tid, og bli kjent med folka i denne delen av prostiet.

Tekst: Oscar Johan Garnes / Foto Gerd Danbolt Svalastog

Tilbake