Ny sokneprest til delar av Tokke og Vinje juni 2023


Ein gong på forsommaren vil ny sokneprest vere på plass med nytt arbeidsområde, frå Møsstrond til Bandaks strender, via Rauland, Øyfjell og Høydalsmo.

Lårdølane får same sokneprest som møsstrendingane. Her Lårdal kyrkje.
Foto: Torild Granhaug/Kyrkjebyggdatabasen 
----------------------------------------------------------------------------------------------------

Prost Asgeir Sele gjer her greie for denne nyetableringa, som gir tre sokneprestar i Vinje og Tokke:

Etter at bispedømmet for nokre år sidan kutta eit halvt presteårsverk og eit halvt prosteårsverk i Vest-Telemark, har det vore forsøkt ulike variantar organisering av prestetenesta i Tokke og Vinje.
Då kapellanstillinga nyleg vart ledig etter at Anne Marie Tempelen vart sokneprest på Notodden, vart det på nytt teke initiativ til å vurdere korleis denne stillinga skulle lysast ut.

Vanskeleg å rekruttere

Hovudgrunnen til å vurdera endring denne gongen var den vanskelege ekrutteringssituasjonen. For tida er det over 100 ledige prestestillingar i landet, og alt for få søkjarar. Særleg ser dette ut til å gå ut over søkinga til kapellanstillingar. Stillingane som kapellan i til dømes i Gulset i Skien og Bø i Midt-Telemark har båe vore lyste ut fleire gonger utan å få ein einaste kvalifisert søkjar. For å auka sjansen for å få søkjar, vart det difor sett i gang eit arbeid med å vurdera om prestetenesta i Tokke og Vinje skulle organiserast på nytt med tre sokneprestar som deler området mellom seg.

Semje i alle sokneråda

Prosten deltok på møte med alle sokneråda og desse vedtok i ettertid sine utalar i saka. Soknepresten i Tokke og soknepresten i Vinje vart også høyrte i saka. Med grunngjeving i den vanskelege rekrutteringssituasjonen, gjekk alle instansane for å lysa stillinga ut som sokneprest i Rauland sokn, Øyfjell sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn. Stillinga vart så lyst ut og det meldte seg ein søkjar.
Tilsetting vil skje i desembermøtet til bispedømmerådet, og etter tilsetting har søkjaren 8 dagar på seg til å ta imot stillinga.

Ny prest til sommaren

Tor-Eivind Erikstein held fram som sokneprest for Grunge sokn og Vinje og Nesland sokn og Hallvard Nordbø Jørgensen held fram som sokneprest for Eidsborg, Mo og Skafså sokn. Fram til nyttår vil den ledige prestestillinga verta dekt opp ved hjelp av dei faste sokneprestane og vikarar til einskildtenester. Frå nyttår av vil det bli sett inn fast vikar fram til den nye presten er på plass, truleg ein gong i juni.

Oppdatert 14.01.23

 

Tilbake