Ventetida er her


Ventetida er her


Første sundag i advent innleia fastetid og forventningstid fram mot jul. 

Dette skjer i kyrkjene i advent:
Grunge kyrkje fredag 02.12 kl.18.00 Familiegudsteneste / Ljosmesse
Øyfjell kyrkje søndag 04.12 kl.11.00 Familiegudsteneste
Rauland kyrkje søndag 11.12 kl.19.00 Konsert
Vinje kyrkje onsdag 14.12  kl.19.00  Konsert
Øyfjell kyrkje fredag 16.12 kl.08.15 Familiegudsteneste / Ljosmesse

Adventstida er ventetid. Liturgisk farge er fiolett. Gud skal kome for å bo mellom oss. Advent kjem av "Adventus Domini", eit uttrykk som i Romerriket blei bruka om tida like før ein høgtståande person skulle gjeste ein by eller ein stad. Då var det mange ting som skulle gjerast i stand. Dette kjenner vi att frå adventstida i dag, både med alle førebuingane til høgtida, men også at vi skal gjere tanke, sinn og hjarte klart for å ta imot Jesus.

Den liturgisk fargen i adventstida er fiolett – fargen for bot og sjølvransaking, den same fargen som vert nytta i fastetida før påske. Fiolett er ei blanding av raudt, jordas farge, og blått, himmelens farge. Advent, og den fiolette fargen, peiker altså framover mot det som skal skje: Himmel og jord møtes i Jesu fødsel. Dette pregar tekster og bøner gjennom adventstida.

Samstundes er advent prega av glede og forventning. Med lys og fargerike kalendrar.
Eitt lys blir tent kvar sundag, til det er nesten jul.
Og sjølvsagt julekalendrane med sine små ruter, og sine 24 overraskingar, ein for kvar dag frå 1. desember.
Ein kan nesten ikkje vente til neste dag…

God advent!

Foto: Bo Mathisen

Tilbake