Rauland: Sundagsskulen er i gang att!


Rauland: Sundagsskulen er i gang att!


Sigrig F. Nykos og Bjørnar Christensen innviterer til sundagsskule på Heimdal komande sundag, 6. november kl.17.00-18.00. Dei har sett opp ein plan for resten av året, der kvar samling har fått eit tema.

"Ein god far som ventar" er tema for den første samlinga.  

Les meir under her om program resten av året.

20. november kl.17.00-18.00  Den ubarmhjertige tenaren

4.desember: kl.17.00-18.00  Den miskunnsame samaritanen

18.desember:kl.17.00-18.00 Vismennene og flukta til Egyptp>

På nyåret held vi fram så lenge Heimdal står som det gjer i dag.

Timen startar med ljostenning og velkomstsang. Etterpå opnar ein skattkista som inneheld hint om dagens tema. 

Dagens tema blir formidla på ulike måtar, alt etter kva som passar best. Så er det undring og ytring omkring fortellinga frå Bibelen. Barna får oppgåver dei skal løyse på ulike måtar som har med temaet å gjere.

Etter denne bolken er det tid for leik og aktivitetar. Det er fargeleggingsbilete frå historia, og dei kan elles gjera ting dei har lyst til (perle, lage smykke, spila, forfallspil, bordtennis mm). Det er mykje å bruke kreativiteten sin på, og vi har mange biletbøker å bla i. 

Til slutt er det ei lita matøkt, og velsigninga får dei med seg før dei går heim.

Vel møtt!

 

Tilbake