Hausttakkefestar og utdeling av kyrkjebøker


I oktober har det vore hausttakkefest i fleire av kyrkjene våre. Rauland og Øyfjell har feira hausttakkefest og samstundes har 4- og 6- åringane fått sine kyrkjebøker.

Her frå Hausttakkefesten i Vinje kyrkje. Flanellografen til Anne Ringhus fenga både store og små. 


Det er ein fast tradisjon at dei døypte 4- og 6- åringane får kyrkjebok som ei gåve frå sokna. I Grunge kyrkje skjer utdelinga ved gudstenesta fredag kveld, den 2. desember.

I Vinje og Rauland var det og dåp i gudstenesta og Grendelaget, som dei no kallar seg, pynta med grønsaker og frukt. Stor takk til dei som slik gjer kyrkjerommet ekstra vakkert denne dagen. I tillegg hadde dei invitera 4- og 6- åringane med seg grønsaker og frukt som dei bar inn i prosesjon ved starten av gudstenesat.
I Rauland var det Sigrid Nykos, som så mange gonger før, hadde ansvar for at kyrkja var pynta til fest og også her hadde ungane med noko spiseleg frå skaparverket. I Øyfjell sto soknerådet for det same. Takk og til Anne Ringhus og Nina Svendsen som var med å formidla til ungane gjennom bruk av flanellograf og ved vakker song.

Tekst og foto: Tor Eivind Erikstein

Tilbake