Prestane Tor Eivind Erikstein og Hallvard Jørgensen, saman med diakon Eilev Erikstein, stilte på den årlege yrkesmessa for elevar frå vidaregåande skule på Dalen med snop, smil, musikk og informasjon om korleis det er å jobbe i kyrkja .
I Den norske kyrkja i Vest-Telemark er prestane og diakonen vår, kanskje dei mest synlege arbeidstakarane som vi koplar til kyrkja, men fleire enn det må til for at vi skal kunne ha ei aktiv folkekyrkje i vår kommune, og vårt område, Vest-Telemark.
Vi har nettopp fått ein kantor i mellom oss, kanskje den einaste musikaren på heiltid i Vinje og Tokke. I tillegg til Robertas Lamsodis kjem Vaida Lamsodiene og Heidi Kristine Larsen. Kyrkjemusikarane set sitt preg på gudstenester, vigsler og, ikkje minst gravferder. Dei er og viktige aktørar og samarbeidspartar i andre delar av kulturlivet i dei to kommunane dei er tilsett som kyrkjelege medarbeidarar.
Kyrkjemusikar med tittelen "kantor" blir ein etter å ha fullført ei mastergradsutdanning. Med andre musikkfaglege utdanningar blir ein kalla organist. Kyrkjemusikar er samlenemninga.
Men kyrkja har eit stort mangfald av stillingar med m.a. medarbeidarar innan administrasjon, økonomi, bygg og kyrkjegard. Hjå oss er det kyrkjetanar kombinert med kyrkjegardsarbeidar, kontorsekretærar, kyrkjeverje.
Les meir på nettstaden kirken.no om dei ulike jobbane i kyrkja og kva som krevst av utdanning og kompetanse