"Kick off" for konfirmantane 2022-23


Overskrifta på konfirmanttida og konfirmantførebuinga er «Ønska og elska», og startar med eit «Kick off» i Seljord laurdag 29. oktober

 

«Ønsket og Elsket» er ein del av Den norske kyrkja i Øvre Telemark sitt konfirmantarbeid. Og anten du har bestemt deg for å vere med på kyrkja sitt konfirmantopplegg, eller du er usikker, eller om du er ganske sikker på at du ikkje skal det, men er gira på ein kveld med #tøppstemning uansett, er du velkomen!

Tid: Laurdag 29. oktober 2022, kl. 18.00-22.30 (MRK: Gratis buss frå Dalen, Åmot og Høydalsmo - og retur. Sjå tider lenger nede i saka.)

Stad: Husdyrhallen på Dyrskuplassen i Seljord

For kven: Alle 9.-klassingar i Øvre Telemark Pris: Arrangementet er GRATIS!

Ta med: Litt lommepengar til kiosk (det blir matsal og sal av kioskvarer, vi tar kort og kontant), og handkle og klesskift/klær til å bli våt i, samt varmt skift til heimreise (for dei som vil vere med på skumpartyet, der blir ein klissvåt! :) Og kald...)

PÅMELDING TIL "KICK OFF" I SELJORD INNAN 20. OKTOBER 2022
ovretelemark.no/Ønsket-og-elsket

Gratis buss går
Frå Dalen kl 16.15.
Frå Åmot, Kroa kl 16.45, og
Frå Høydalsmo kl 17.00
Retur frå Seljord kl 22.30 til Høydalsmo, Åmot og ned til Dalen

Meir om konfirmanttida i Vinje - datoar for oppstart, konfirmantpresentasjon og konfirmasjonsdagane i 2023

 

Tilbake