Karten fjellkyrkje 40 år


Karten fjellkyrkje 40 år


Denne hausten er det 40 år sidan Karten fjellkyrkje på Bykleheia vart vigsla. Det vart feira sundag søndag 18. september med mellom anna gudsteneste kl. 12, gratis pølse m. brød og marsipankake.

Gudstenesta starta med at Sondre O. Bratland fortalde om arbeidet med kyrkja – frå starten til ho var klar til å takast i bruk som innvigd gudstenesthus, og overnattingsstad for born og unge. Sondre var, som speidarleiar, initiativtakar og drivkraft i arbeidet med å få realisert draumen. Men han understreka at eit slikt prosjekt ikkje hadde vore mogleg utan mange støtte og hjelp frå speidarforeldre og bygdefolk. Kyrkja vart reist med ein stor dugnadsinnsats av unge og gamle, først og fremst frå Edland og Haukeli, men og frå andre stader.

Kjernen av fjellkyrkja er ei tømre som hadde vore bedehus i Grungedal. Misjonslaget fell for ideen å gjere bedehuset om til ei fjellkyrkje, ikkje minst for å støtte barne- og ungdomsarbeidet i øvre del av Vinje. Dei gav bygget mot at ein reiv det, og overtok eit lån på 2000 kr. Eivind Kili, tømrar frå Grungedal, hadde ansvar for å få opp tømra. Han hadde og vore med når ungdomshuset vart reist første gang i dei harde trettiåra. Hans Tjønn og Einar Apeland sette opp tilbygget som romar forstoga, doane og lagerrom.

I løpet av dei 40 åra kyrkja har stått inne på «Karteluen», som moreneryggen der kyrkja står heiter, har speidarar og andre unge hatt utallige helgeturar og dagsturar, og mange har hatt dampande opplevingar på påskedagsmesser og andre gudstenester og andaktar i kyrkjeromet.

Heilt frå starten har fjellkyrkja vore fast gudstenestestad i påska, Skjærtorsdag og Påskedag, og ein gong på hausten. Desse messene er godt besøkt av både fastbuande og hyttefolk, slik og jubileumsmessa var det. Men overnattingsopplevingar er det blitt færre av.

Kva som skjer med Karten i framtida, er usikkert, men håpet er at fjellkyrkja igjen kan få eit innhald og bli til inspirasjon for kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid, slik den ein gong var?  

Tilbake