Turen startar i Åmotsdal kyrkje og går så med buss, først til Rauland og minikonsert med Lars Erik Øygarden, så Vinje med foredrag av Arne Vinje, og deretter Vest-Telemark musem. Det er mogleg å delta delar av turen, td. med frammøte ved ei av kyrkjene. Arrangør er soknerådet i Seljord.
Program:
Kl. 09.00: Frammøte ved Åmotsdal kyrkje.
Kl. 09.00-09.45: Omvising i Åmotsdal kyrkje ved Gunnar og Lene Kleivi.
Kl.09.45: Avreise med Kjetils tur frå Åmotsdal til Rauland.
Kl.10.30 – 12.00: Rauland kyrkje.
Lars Erik Øygarden held ein minikonsert for oss. Me får sjå kyrkja både frå innsida og utsida. Er det godt vær kan me eta nista ved Totak, og dersom været ikkje passar til å vera ute, et me inne i kyrkja. Ta med både mat og drikke til dette måltidet.
Kl.12.45-13.45: Vinje kyrkje. Der får me omvising ved Arne Vinje.
Kl. 14.30: Vest-Telemark museum, Eidsborg. Museet er stengt for sesongen, men dei opnar dørene for oss. Det vert servert ein kald-tallerken med spekemat, eggerøre, varm karbonade, røykt aure og potetsalat, kaffi/te.
Det vert også høve til å sjå Rønjomutstillinga frå i sommar før Kjetil køyrer oss attende til Åmotsdal kyrkje.
Me har sett ein pris for heile turen på kr 400,-. Dette dekkjer buss, omvisingar og mat på Vest-Telemark museum.
Dersom det er nokon som vil slutte seg til oss undervegs, er det hyggeleg. Vil dei også ha mat på Vest-Telemark museum kostar det kr 230,-. På grunn av servering i Eidsborg, må me ha påmelding frå alle. De kan melde dykk på til Bergit Telnes, 90 69 16 74 innan 19.sept.
Me ser fram til å vitje desse tre flotte kyrkjene som står som minnesmerker etter den store tusenkunstnaren, Jarand Rønjom!
Helsing jubileumsnemnda ved Bergit Telnes